Tror långtidsarbetslösheten kommer förvärras efter krisen, såvida de (makthavarna) faktiskt inte börjar göra nyttiga eller onyttiga offentliga projekt, eller göra anställningar ärftliga.
Results 1 to 2 of 2
av Tjen folket:
Dagsavisen rapporterte 5.mai at EU har 27 millioner arbeidslause. Men meir EU er ikkje løysinga, slik «ekspertane» i artikkelen freistar seia.
Erik Oddvar Eriksen ved forskningssenteret ARENA ved Universitetet i Oslo (som i praksis er rein EU-propaganda) uttalar mellom anna at EU-landa ikkje kan bli samde seg imellom om motkonjunkturpolitikk no i desse krisetider. Det er korrekt. Landa som ikkje er ein del av ØMU-samarbeidet (altså som ikkje har euro som valuta) er heller ikkje underlagt EUs sentralbank og kan sjølv styra finanspolitikken for om mogeleg å kunne unngå dei verste utslaga av krisa.
Landa som enno ikkje har oppfylt krava til å bli med i ØMU-samarbeidet, er sett kraftig attende i dette på grunn av krisa. Eitt av krava er mellom anna at budsjettunderskotet ikkje skal vera på meir enn 3 % av det samla BNP i landet, og det er vanskeleg å unngå no som nasjonalstatane må pøsa inn pengar for å redda finanssektoren og arbeidsplassane i eigne land. Dette kravet gjeld også dersom ein ikkje vil bli kasta ut av ØMU-samarbeidet, og difor må ØMU-land som Tyskland og Frankrike vera påpasselege med pengebruken sin, jamvel om dette gjer at arbeidsplassar ryk. Det såg me mellom anna i mars.
EU-solidariteten
Eriksen seier vidare at krisa blir ein test på solidariteten i EU. Spørsmålet er om me får sjå noko til denne «solidariteten» så lenge dei rike landa i vest ikkje går med på å oppretta eit krisefond for dei fattigare brørne i aust, slik Ungarn føreslo tidlegare i vår. Eit anna sentralt spørsmål er det jarngrepet landa i vest har på dei fattigare landa i aust gjennom at det stort sett er vestlege bankar som er etablerte og dimed kan styra delar av finanspolitikken i aust. Dei «nye» EU-landa har i liten grad ein sjølvstendig, nasjonal bankstruktur og er difor prisgjeve den politikken som desse bankane legg opp til.
EU tener kapitalen, og det er difor leiande krefter innanfor borgarskapet, dei opne borgarlege partia, fagrørsla og Arbeidarpartiet vil ha Noreg inn i EU. Dei vil byggja ned kontrollen over norsk produksjon og finanspolitikk. Noreg er ein pådrivar for internasjonal frihandel, noko EU står i spissen for i vår del av verda.
Ein forkjempar for nyliberalismen
EU er den største forkjemparen for nyliberalismen i Europa. Nyliberalisme favoriserer monopolkapitalien, konsentrasjon og akkumulasjon av kapital. Med framstøytane på å få gjennom ein ny reformtraktat tek unionen nye steg i retning av å bli ei økonomisk og politisk imperialistisk blokk som står i motstrid til interessene til vanlege folk. Nasjonalt sjølvstyre og suverenitet blir konsekvent undergravd. Reformtraktaten har ikkje folkeleg støtte, difor er det også berre få land som skal avvikla folkerøysting kring spørsmålet.
Åtaka på faglege rettar aukar i styrke og omfang og går under namna «modernisering», «konkurransedugleik» og «fleksibilitet» for å trygga størst mogeleg profitt for kapitalen. EU-domstolen har fatta avgjerder som ikkje berre er kraftige åtak på faglege rettar, men også med på å gjera politikk om til juss. Arbeidsfolk i heile Europa blir stadig meir uroa over endringane i levekåra gjennom åtak på faglege rettar, løner, pensjonar, sosiale velferdsordningar og ikkje minst gjennom prisstiginga me ser. Utdanningssystema og velferdsordningar går i stadig større grad over til monopolkapitalen då denne stadig må ekspandera for å overleva. Det er kapitalismens logikk.
Difor er det ikkje meir EU me treng, men eit EU som forsvinn ut av verda.
Long live Maoism! Down with Revisionism!
Tror långtidsarbetslösheten kommer förvärras efter krisen, såvida de (makthavarna) faktiskt inte börjar göra nyttiga eller onyttiga offentliga projekt, eller göra anställningar ärftliga.